
Diktardraum er forfattaren Knut Hauges dagbok frå åra 1931 - 1940. Dagboka gjev eit interessant innblikk i korleis det var å vekse opp i eit bygdemiljø i åra før krigen, og korleis ein ung mann vart forma til ein forfattar. Korleis virka tida inn på han?
Knut Hauge (1911-1999) var norsk gardbrukar og forfattar.
Hauge var fødd i Lomen i Vestre Slidre. Han oppnådde stort sal av bøkene sine og anerkjenning frå litteraturkritikarar. Forfattarskapen vart løna med pristildelingar. Trass i dette vert han mange gonger omtala som ein av dei mest lesne og minst omtala forfattarane i Noreg.
Særleg dei historiske romanane til Hauge nådde ut til ein vid lesarkrins. Romanen Ein roman om kjærleiken og om døden (1976) er mellom dei mest seljande bøker på nynorsk nokonsinne.
Då måta er eit lite forlag som har spesialisert seg på lokalhistorie frå Valdres! Forlaget er eigd av Kari Hauge og Frode Rolandsgard, som bur på garden Hauge i Lomen. Kari arbeider som lærar på Valdres vgs, medan Frode driv gard med ammekyr og plateselskapet ta:lik.Forlaget har konto nummer: 21531506380 / Vipps-konto: 949270