
Dette er boka om stølsgrenda Grunke i Vestre Slidre. Grunke ligg mellom Hemsedal og Valdres og har som grenseområde ei spennande historie med konfliktar og rettsaker både mot hallingar og vangsgjeldingar. Like frå sist på 1600-talet og fram mot siste verdskrigen er det dokumentert fastbuande folk her det meste av tida. Det var eit hardt og nøysomt liv å bu heile året innunder Gråkampen og Blåkampen, der attmed Grunka.
Audsleg kunne det vera, men også eit knutepunkt for jegarar, fekarar og folk på ferdsel. Oppe langs fjellet gjekk ein gamal kløvveg frå midtre og sørre Valdres og til Vestlandet.
Boka let deg følgje historia til området frå gamal tid og fram til i dag, gjennom stølsliv, sal av stølar og tomter til hytter utover frå 1920, og til slutt eit nesten reint hyttesamfunn.
Då måta er eit lite forlag som har spesialisert seg på lokalhistorie frå Valdres! Forlaget er eigd av Kari Hauge og Frode Rolandsgard, som bur på garden Hauge i Lomen. Kari arbeider som lærar på Valdres vgs, medan Frode driv gard med ammekyr og plateselskapet ta:lik.Forlaget har konto nummer: 21531506380 / Vipps-konto: 949270